Sunday, November 25, 2007

rastlaus på natta




mira har ein fin profil, and she knows it.

eg prøver å ta bilete av mira og meg, men får berre med litt av refleksen hinna. typisk. lindy: dersom du ser dette er det nok det siste du nokon gong vil sjå av meg. det at du oppdager at eg har stjelt hua di vil få meg til å grave meg ned i ei hule. ei snøhule. du vil evnt finne meg når snøen smelter. død.

Kukake











Dokka, Ronja (mor til Birk), Birk, Rødlin, Bota, Gulla, Mari, Ylva, og Godlin

Sunday, November 18, 2007

dårleg bilete av mira.


dersom mira hadde sett at eg la ut dette bilete hadde ho drept meg. seriøst.. ikkje fortel det til ho.

kvalmt






bilete av meg sjølv. eg har ikkje orka å børste håret, derimot spydd og vore dårleg. ein veldig fin søndag. produktivt.

Saturday, November 17, 2007

dikt medan frida skifter

kald vin type rød
er ein sikker død
frida prøver klede
eg sit fast nede
etasje nummer to
vatn til is på do

dangelbær dett av
eg lager eit smykke
som av rav
god jul min ven
eit smykke
no vart du pen.

finn fraus seg fast
måtte på do i all hast
merka ikkje kulda
magen buldra
utedo er ikkje bra
hal i å dra
når du no skal ut å tisse
kan du ikkje misse
rumpa til finn
ha eit ope sinn
når du selskap har
av rumpa til finn, ein triveleg kar

fotball på tv
eg vil ikkje leve
tortilla på bordet
tore på spore
meir sport
det ligg ein lort
i ei kasse med sand
tek den med venstre hand
lapskaus til alle
putter i litt talle
rører inn nokre vorter
alle slags sorter
middag for to
før eg deler deg i to
middag til neste
folk et det meste

Monday, November 12, 2007

kart


her er eit kart. over gausdal. vi bur på olstad. kom på besøk.

morosamt bilete av gro eg fann på datamaskina

some old photos from bodegan og liknande.






nokre forskjellige bilete:
eit av aage og marcus.
eit av meg som er satan med snus.
eit av ein på bodegan som vert angrepe av ein anna med lipgloss.
eit av sætre på bodegan?
eg hugser ikkje heilt kva eg tok, mykje dårlege ting.

Sunday, November 4, 2007

fest. besøk. hamar.




"turtles-bilete" som gro kaller det. det ser ut som om vi er ein og same person. mystisk. på veg til innimellom. vi tok slike bilete... innimellom... det er gro, frida og eg.

det andre bilete er på bussen på veg til hamar på laurdag. tord, sætre, frida og gro.

Friday, November 2, 2007

sebs, innimellom og nesten siste.

gro og frida er på besøk, noko som resulterar i bytur. eller bytur blir det vel uansett.
dette er forskjellege ting som skjedde/vart sagt i går:

gro vil få jobb i norsk tipping og spør rundt når ho først er i hamar.
ukjent mann til gro: alle dei som har jobba i norsk tipping (på tv) har jobba i NRKHedmark. du får ikkje jobben.
gro: jooo! høyr då. "hei, det e ho gro ej ringe fra norsk tipping."

vi traff ein fyr som hadde glasauge. han hadde fått ei saks i auga. trur eg. eller var det noko anna? kanskje han har glasauge for å vere kul? då lykkast han.

i taxien på veg heim:
gro: ej må spy!
taxisjåføren svinger inn til sida og stopper bilen.
gro: ikkje no da...
(ho har fortsatt ikkje spydd)

sara: søk på steve buschemi...
frida: ok. korleis staver ein det?
sara: s-t-e-v-e.

gro og eg spelte biljard og var så dårleg at vi ikkje orka å avslutte. frida vedda penga om kven som kom til å vinne med ein ukjent. dei vedda 10,50 og ein bugg. ho "hugser ikkje" kven ho trudde skulle vinne.

frida og gro tek ein "passions". dvs snakker høgt om nokon som er i nærleiken, utan at vedkommande høyrer kva dei seier. eller.. som i alle såpeseriar.
frida: han bartenderen har alltid så stygge klede. sjå jakka.
gro: og t-skjorta er også veldig stygg.

vi vart kjend med nokre gamlinga. fossil. dei kjøpte øl til oss.
ein gamling: ja... vi er jo egentlig noen gamle menn.
frida: ja, det er dokke eigentleg.

ok. no more talk about yesterday. it's pølsefest på ingvoldstad.
vi har soya- og grillpølse, vanlege pølsebrød, franske pølsebrød, farris og jækla mykje godteri,
eg bør lage gele i puppedameformene. eg har gele. det kan bli godt. eller morsomt. også har eg lyst på potetgull.
bilete kjem seinare.