Tuesday, February 26, 2008

mister taxi driver

eg ser taxi driver. robert deniro er kjekk. eg er glad for at eg eg overfladisk. han er veldig kjekk i gudfaren også.

etter å ha sett medium måtte eg ta meg eit glas whisky for å roe nervane. eg er så nervøs for tida og det å sjå eit program om ein seriemordar som drøymer om redde jente/dame for så å finne dei og drepe dei gjer det ikkje betre. det var ei lang setning.

frida har ordna rom til meg i oslo til 1800 kr så kanskje eg flytter dit etter sommeren. eg tenkjer eg tek eit halvt år der før eg flykter frå landet. dersom eg får tilfredstilt det nagande "storbylivbehovet" eg kjenner no, kan eg kanskje bu på gard i t.d USA etter jul. vi ser. no er det no more countryside jose.

kveldstur og draum
















i natt eg drøymde noko som.. gjorde at eg var vaken frå klokka tre til sju. eg skjøner ikkje kva som gjer at eg kan vere så utruleg redd nokon gonger. vanlegvis er eg ikkje det. men det skjer ofte no.

draumen var slik at eg drømte at eg sov og at nokon kviskra inn i øyret mitt, så vakna eg og var sikker på eg kjente nokon som var borti kinnet mitt. sjølvsagt var det ingen der, men det var så ubehageleg at eg satt vaken i fleire tima før eg ringte til frida. så prøvde eg å sove, men greidde ikkje å slappe av før det vart lyst.

i kveld skal eg vere cool.

Monday, February 25, 2008

half nelson

no har eg akkurat sett ein film. eg er god på å sjå film.
den heiter half nelson og handlar om ein lærer i brooklyn som samstundes som å vere lærer er NARKOMAN!! jada.. det høyrast sikkert ut som ein typisk kjedelig dramafilm. dvs det er drama, men likevel likte eg den godt. kanskje fordi eg vart forelska i hovudpersonen. eg er også god på å bli forelska i karaktera på film.
det er ryan gosling som spelar hovudrolla. han er dritagod. så god at eg faktisk byrja å flire høgt då han fortalte ei historie. altså på filmen. eg håper han er med i fleire filma framover.

ho som spelar eleven han blir ven med, shareeka epps er også flink. ho er kul. ho er ordet kul rett og slett.

nokon har stjelt veska til frida med kamera, lommebok+++ masse anna i tillegg til skinnjakka frå nach med sætre, vegar og petter. den som finn ut kven det var får eit eller anna. eg veit ikkje kva, men noko jækla bra. eg kjenner at det gjer meg så sint at eg får lyst ti å grine.
det gjer meg fornøgd å tenkje på at (hyper)kristne meiner at folk som stjel får ro når dei døyr, medan lovlydige "ukristne" folk vil sveve rundt i æva. (eller i ræva).
kjenner eg er god på å følgje "rød tråd" når eg skriv. riv. i papir.

no skal eg rydde litt på kjøkkenet. eg hater å rydde. mio er lat og vil berre sove. her er det ingen likestilling. eg skal kaste han ut. han smører ikkje ein gong si eiga matpakke. eller.. han fanger den sjølv. ok. han er mann nok.

skuleveg

i fjor vakna biene før dei skulle pga det var så varmt, då låg det mange døde bie på vegen.

sol, is og snø.. snart skal nokon DØ!




poteterteit.

aage andreas hafsal veg en. veg 1 kg.

destinasjon blæstad. der er eg no.

Sunday, February 24, 2008

reprise

Well, isn't it comforting to know that being miserable is still better than being an idiot?

claire - six feet under.

buhu

for tida tek eg meg i å grine ofte. særleg av ting på tv.
i går grein eg av:
- six feet under - då nate døydde (sjølv om eg har sett det før) og då everything ends. atså serien. då claire reiste til new york.
- katy song av red house painters. eg veit ikkje kva det er med den sangen. det er eit eller anna.
- eit eller anna på nyheitene, hugser ikkje kva det var. eller var det på fredag? eg trur det.

"can't go with my heart when i
can't feel what's in it i
thought you'd come over
but for some reason you didn't
glass on the pavement under my shoe
without you is all my life amounts to"

no har eg fått fyr i peisen, men ingen mio. eg har lyst på is. iskrem. eg skal smøre meg inn med iskrem neste gong eg blir varm.

Sunday morning, praise the dawning

It's just a restless feeling by my side.

eg gjekk ein tur.
prøvde å få meg ein ven


eg fekk meg vener. og blodårer.









så tok eg meg ei pause der eg fekk hjelp av eit tre til å ta bilete av meg sjølv. treet var flink, eg gløymte at eg var motivet.







så fann eg eit hjerte forma i ei blanding av is, urin og møkk.






deretter tok eg bilete av snø, vatn og andre ting.

men eg kunne ikkje unngå å legge merke til noko som røyrde seg mellom trea, slikka snørr og grynta.








den ubehagelege kjensla av å bli iakttatt fekk meg til å sondere terrenget for mogelege fiendar. eg fann ein til. meir fryktinngytande enn nokon kan tenkje seg.








eg gjekk heim til eit kaldt hus og prøvde å fyre opp i omnen. då det ikkje var noko suksess fekk eg inn mio og låg på sofaen heile dagen.

Friday, February 22, 2008

drue, potetgull, smågodt, appelsin, linsesuppe, brød.

alt dette står foran meg på bordet. det er tydelegvis viktig å få i seg litt forskjelleg.

i morgon skal eg starte noko nytt. nytt for meg. eg skal alltid ha med meg kamera. dvs det gamle dårlege som er lett. så skal eg ta bilete av ting. ofte. tenk om eg ser UFO eller noko. det er alltid greit å ha med seg kamera, særleg når eg ikkje har på mobilen. det blir likevel eit mobilt kamera.

når eg ropte på mio høyrde eg at det gjekk nokon på jordet rett ved huset. det var ekkelt. det var sikkert berre rådyr/elg, men eg såg ingenting pga mørkt. det er ubehageleg å ikkje sjå det ein høyrer. dvs utanom musikk. det gjeng fint an å høyre på utan å sjå.

eg trur eg berre ligg på stua i heile kveld. meir six feet under. hei. er det nytt på nytt i dag? då skal eg sjå det. greit.

klokka er berre sju

og likevel er eg redd. eg veit ikkje kva, men det er skummelt å vere her åleine i dag.

I shot Andy Warhol

eller meg sjølv. det kjennast iallefall slik. som om eg er skutt.

i dag skulka eg skulen samstundes som eg var på skulen. dvs eg møtte opp i hamar, men kjende at eg ikkje ville vere med på noko forelesing.

eg er så jævla lei av at eg tydelegvis ikkje greier å gjere noko anna enn å vere full og t.o.m det er eg dårleg på. eller eg er god på å bli full, men dårleg på å vere grei når eg er det. no har eg fylleangst. som vanleg.

no skal eg legge meg ned for å sjå på six feet under. billy er drømmemannen min. berre at han helst ikkje bør vere "gal". men eg kan vel ikkje forvente noko anna. like barn leker best.

i morgon skal eg bake og gjere andre positive ting. gå tur i skogen, skrive oppgåve. eg skal avslutte mappeoppgåva i herbologi. håper eg ikkje gjeng ut i morgon også.. men det er vanskeleg å unngå ettersom det er den einaste måten eg kan treffe (nye) folk på her.
eg såg ein person gjekk forbi her tidlegare. i går såg eg eit rådyr. når ein ser fleire dyr enn menneske i løpet av ei veke bør ein innsjå at noko må endrast.
eller kanskje det er akkurat slik det skal vere for meg.

nei, etter sommeren stikk eg til utlandet. glad eg ikkje heiter bjørg. det kunne skapt mange pinlege opplevingar i utlandet. no er eg jo i innlandet, eg hater innlandet. dersom isen er tjukk nok skal eg setje meg ned på mjøsa og drite. håper nokon tråkker på den og tek den med seg rundt i heile hamar.
gler meg.

neida. eg ser det ikkje er hamar det er noko feil med. hamar er ein bra stad. (men har berre dårlege bakeri). (trur eg).

Tuesday, February 19, 2008

to trøtte katta





tur sur over ein mur. med ein lur. lagar ein dur





på tur i gausdal som vanleg.

seinare i dag skal eg ta bilete av noko morsomt. håper eg.

Sunday, February 17, 2008

besøk i fjor.






vi dreit oss ut med å fiske på hausten når fisken hadde resit på ferie midt i mjøsa. men det var morsomt uansett.

solbading


frosken.



frida sendte meg bilete ho hadde tatt no når ho var på besøk.
det er jo meg. ikkje andre. eg skal få ho til å sende fleire bilete.
eg skal sende eit kort til ho der eg skriv "send fleire bilete". eller "please send some photos of normal people, not geeks". det er kanskje unødvendig å ta det på engelsk.

eg dikter mitt eige liv


eit dikt hanne, frida og eg skreiv medan vi venta på at konserten skulle byrje.
vi var på pirate love på hydranten. eg likte det særs godt må eg seie. eg må seie det fordi "as I write" a man is holding a gun to my head.
nei. eg må seie det fordi eg har sars. eller kjem frå mars. tvungen av lars. mista min bagasj. E!

here goes nothing:

"dette er ei fruktbar natt,
vi har alltid vår avlsverdige katt.
Stearinlys, øl og bok på hylleplass,
vi må nok fylle våres glass
eller våre allereie fulle avføringsrass.

avføringsrass, avføringsrass
you know it's safe patrol."

fett


100 % fett.
www.rikedomen.se
eg vil også lage slik.- teikne og skrive. ikkje rive.

meir! no! vil ha!

besøket har reist. det er kake igjen.
forferdeleg å ha besøk pga det er så fint. når besøket reiser er det tomt og trist.

idun var på møte på ein landbruksskule like ved stange. eg har vore der to gonger før. altså skulen, på stange har eg vore oftare. særleg stange bibliotek. saman med familien hår.

så medan hanne, frida og eg venter på ho så høyrer ho to menn som var på møtet snakke:
mann 1: dei som gjeng der borte... er dei med på møtet? (eller noko slikt)
mann 2: nei... men eg har sett ho eine REKE rundt her før (altså i fjøset på skulen).
mann 3 (kjem inn i samtalen): ja. ho har vore på besøk med meg.

idun er usikker på kva eg gjer på. eg også.

så... no et eg pasta og ketchup. det er ekkelt.

i sta las eg boka eg fekk av hanne og byrja å grine. det er ei bok som heiter "learning to love you more". bra bok. bok stav. sånn "ta bilete av..." også har folk gjort det. t.d under senga. også er det sånn "skriv ei pressemelding om ei dagleg hending". morsomt.

no ser eg film utan å greie å gjere noko. død. tot heller. tysk film.- sjølvsagt. eg skal bli tysk. flytte til berlin. eg er veldig intri i det. då må eg bruke sumaren på å bli betre i tysk.
eg er forelska i han eine som er med i filmen, men eg trur han er lav. synd det.. visst ikkje kunne det ha vore noko veldig bra. synd for han.

GENAU!

på fredag vart eg kjend med ein tysk fyr i hamar. dvs han var norsk/tysk.

ok.. tchüss, auf wiedersehen. alles gut. alles klar. alles klappt.

Monday, February 11, 2008

kulturstua i ro
















på kulturstua i ro i gausdal har dei hestx3. eg har tenkt til å stele dei.
i tillegg har dei åtte ekorn som spring rundt på huset. kjekt.
også får dei ofte besøk av gaupe. det er rett ved oss, så eg skal sjå gaupe fortare enn faen.
i sommer skal eg ta mange telttura med det i sikte. å sjå gaupe.

sminke.



lindy, jenny og eg var på veg til hamar då vi såg ein fyr med sminke. vi tenkte "dette er ikkje vanleg på vår skuleveg". eg tenkte iallefall det. dei tenkte det nok også for det var lindy som såg han og reagerte.
men det var på ein måte litt trist pga det såg ut som om han var trist og at tårene hadde gnidd sminka utover.
det var sikkert slik det skulle vere. han hadde jo ein pose frå el-kjøp som sikkert innehaldt noko dataspel lr. liknande. det er vel grunn nok til å vere glad. for nokon.

Friday, February 8, 2008

herregud så nerdete eg er.

på nettsida til dyrebeskyttelsen legg dei ut bilete av dyr som har fått ny heim.
frustrasjonen då eg oppdaga at Mio ikkje var på sida var stor.
det resulterte i mail til db med bilete og informasjon.
endeleg er han også på internett. feitt. fettnett. det blir den nye sida mi.
der skal eg leggje ut bilete av mat som har gått frå butikkhylla og inn i ein feit person.
forhåpentlegvis før konsumering.
fettnett.no
eg syns det er rart ingen har tatt den adressa.

t.d:
denne lykkelege sjokoladen fekk ny heim i februar. no koser den seg i tarmsystemet til laila, 32 år.

http://dyrebeskyttelsen-hedmark.no/nye_hjem.html