eg gjekk ein tur.
prøvde å få meg ein ven
eg fekk meg vener. og blodårer.
så tok eg meg ei pause der eg fekk hjelp av eit tre til å ta bilete av meg sjølv. treet var flink, eg gløymte at eg var motivet.
så fann eg eit hjerte forma i ei blanding av is, urin og møkk.
men eg kunne ikkje unngå å legge merke til noko som røyrde seg mellom trea, slikka snørr og grynta.
den ubehagelege kjensla av å bli iakttatt fekk meg til å sondere terrenget for mogelege fiendar. eg fann ein til. meir fryktinngytande enn nokon kan tenkje seg.
eg gjekk heim til eit kaldt hus og prøvde å fyre opp i omnen. då det ikkje var noko suksess fekk eg inn mio og låg på sofaen heile dagen.
No comments:
Post a Comment