Friday, February 22, 2008

drue, potetgull, smågodt, appelsin, linsesuppe, brød.

alt dette står foran meg på bordet. det er tydelegvis viktig å få i seg litt forskjelleg.

i morgon skal eg starte noko nytt. nytt for meg. eg skal alltid ha med meg kamera. dvs det gamle dårlege som er lett. så skal eg ta bilete av ting. ofte. tenk om eg ser UFO eller noko. det er alltid greit å ha med seg kamera, særleg når eg ikkje har på mobilen. det blir likevel eit mobilt kamera.

når eg ropte på mio høyrde eg at det gjekk nokon på jordet rett ved huset. det var ekkelt. det var sikkert berre rådyr/elg, men eg såg ingenting pga mørkt. det er ubehageleg å ikkje sjå det ein høyrer. dvs utanom musikk. det gjeng fint an å høyre på utan å sjå.

eg trur eg berre ligg på stua i heile kveld. meir six feet under. hei. er det nytt på nytt i dag? då skal eg sjå det. greit.

1 comment:

andemat said...

ja du er verkeleg ei merr. bitch. takk for advarselen