er jækla godt.
Monday, March 31, 2008
mio får mat. kjedelig? ja, eigentleg.
remember the cat..?
they found a place to put him..
now he's growing up..
and he wants to come home
and he's HUNGRY
don't see it alone... please.
they found a place to put him..
now he's growing up..
and he wants to come home
and he's HUNGRY
don't see it alone... please.
tempo corvette

eg får låne den kule mopeden til stig.
eg kløna skikkeleg med å få start på den pga eg må feks riste på tanken, og pumpe på ein liten greier.
no gjeng det betre og det er kjekt.
biletet til venstre er ikkje meg eller nokon eg kjenner. mopeden er ikkje så lik heller. eg berre likte reklama.
det andre biletet er meg, utan termodress.
Saturday, March 29, 2008
skuff
alt blir litt slitsomt når ein ikkje har mobil.
eg har lyst på besøk/gå på besøk, men det er slitsomt å t.d bruke fbook til å ta kontakt.
eg ser heller twin peaks og drikk vin. så får eg sjå.
dersom eg får lyst til å sjå menneske kanskje eg tek bussen til byen. åleine. skremmande.
neida. eg har gjort det ein gong før. det gjekk fint. ein treff alltid nokon å henge med. fortsatt skremmande.
meg, når eg gjeng ut åleine.
eg er lei av å bu på landet + at dei eg kjenner aldri er her. + at dei eg kjenner kjenner eg ikkje. utanom dei eg kjenner som ikkje er her. eg treng å flytte og ikkje til ei hytte. denne gongen.
"Ivar Aasen ror over fjorden for å besøke ei dame der. Han nynnar på ein liten song. Katten sym etter og tenkjer at dette skal han Ivar få att ein gong."
-Ragnar Hovland-
eg har lyst på besøk/gå på besøk, men det er slitsomt å t.d bruke fbook til å ta kontakt.
eg ser heller twin peaks og drikk vin. så får eg sjå.
dersom eg får lyst til å sjå menneske kanskje eg tek bussen til byen. åleine. skremmande.
neida. eg har gjort det ein gong før. det gjekk fint. ein treff alltid nokon å henge med. fortsatt skremmande.
meg, når eg gjeng ut åleine.eg er lei av å bu på landet + at dei eg kjenner aldri er her. + at dei eg kjenner kjenner eg ikkje. utanom dei eg kjenner som ikkje er her. eg treng å flytte og ikkje til ei hytte. denne gongen.
"Ivar Aasen ror over fjorden for å besøke ei dame der. Han nynnar på ein liten song. Katten sym etter og tenkjer at dette skal han Ivar få att ein gong."
-Ragnar Hovland-
Friday, March 28, 2008
eg trur
at eg bør bli kokk/baker i staden for bonde.
når eg tenkjer meg om så er noko av det viktigaste når eg skal finne ny bolig at eg har stor fryser slik eg kan lage mat/bake og så fryse ned.
ellers skal eg prøve å få meg jobb som bakar om eg ikkje får jobb som noko innanfor økolandbruk etter sumaren. på korn eller godt brød. enten dei vil ha meg eller ei. eg skal i alle fall bake mot betaling.
evnt skal eg starte eige bakeri/kafe. temaet skal vere feil.. stavefeil, orddelingsfeil o.l. alt skal vere feil. ALT! ALT! eg skal lage solsikkebrød med kokos og kokosbolla med solsikkefrø!
S-J-U-K-T.
no er eg kvalm pga eg har ete for mykje. det er ikkje bra å tilbringe kveldar inne i staden for ute. men eg har blitt vaksen. ergo: ikkje fest så ofte meir.
betre å vere kvalm av mat enn av alkohol. det einaste som er skremmande er utviklinga på lang sikt. eg ser det for meg:
"heller alkohol enn feithol"
sara, ei jente på 22 år opprinneleg frå sunnmøre vart sterkt overvektig etter at ho bestemte seg for ei endring i livsstil. ho trudde ho ville bli sunnare og meir vaksen då ho slutta å drikke seg full heile tida. resultatet vart noko anna. no kjem ho seg ikkje ein gong ut døra. slå opp feit i ordlista, så er det eit bilete av sara.
for ein artikkel. for ei formulering. eg bør vel heller bli journalist.
no skjedde det noko skremmande. eg var på msn då eg kom tilbake hit hadde det opna seg to nye faner. begge for match.com. er det eit teikn? vil eg finne the man of my dreams der? framtida vil vise.. om eg ikkje har funne han om ti år vil eg prøve det. dersom det fortsatt finnast.
for... mykje... tekst... greier... ikkje... lese... så... mykje...

black hole

ein bra teikneserie eg kom på.
black hole av charles burns.
ekkel, men bra. gut, sehr gut. eg likte teikningane, historia, alt i grunn. fin flott frekk.
no skal eg ligge foran fjernsynet. på fjernkontrollen. mio på meg, lopper på mio. neida.. ingen lopper på mio. berre på meg. kvifor er det berre dritt på tv? kan noen svare meg??
irene er i trondheim, lindy i oslo, sara på ingvoldstad, mobiltelefonen i evig søken etter dekning. tomt, trist. the owls are not what they seem sei eg deg.
eg er heller ikkje den eg trur
men eg blir det snart
bryt meg gjennom ein mur
er det ikkje rart?
alt fell ned på en
to,
så tre.
Wednesday, March 26, 2008
never ever let it go!
it's alive
på søndag såg vi (gro, frida og eg) it's alive - it lives again. den var like bra som forventa. trist at vi byrja med nummer to, men det var den dei hadde på mix i brattvåg.
vi såg den på fjørtofta. tidlegare på dagen skulle gro og eg fiske, men kløna veldig med båten. det var ingen fisk. vi traff derimot ein sel som gro ga namnet celina. 

denne dukka har eg skikkeleg lyst på- eg ønsker meg den i bursdagsgåve.
kvifor skriv eg berre når eg er sur/trist/lei?

fordi når eg ikkje er det så gjer eg andre ting enn å sete foran datamaskina.
men eg er ikkje sur eller noko no.. berre litt tafatt. eg har vore i fjøset i dag + gått tur + hjulpe pappa med å ta ned garasjeporten. ergo: eg er ikkje 100 % tafatt, berre litt.
i går var eg også tafatt, men berre facebooktafatt. og facebook er jækla kjedelig.
på fredag skal eg tilbake til hamar. det er planen. mamma er sjuk, pappa skal på møte på torsdag. noko som resulterar i at eg "må" jobbe her. like greit i grunn, då tener eg penger (som jeg ikke trenger) + lærer noko.
og kvifor lastar eg opp slike kjedelige, triste bilete? jo. det skal eg seie deg.
FORDI DET ER DET EG TEK BILETE AV! 24/7.
no skal eg setje på meir kaffi slik eg byrjar å skjelve.
ja så har det blitt vår
Wednesday, March 12, 2008
søvn vs film vs skule vs ungdom
the science of sleep. I do not know anything about this science. tell me about this science... please..
klokka er berre elleve og eg er trøtt. har drukke vin og sett på t p og migrapolis.
eg skal på skulen klokka åtte i morgon, men seier nei takk.
eg håper eg greier å oppretthalde snusforbodet når eg reiser til oslo. det blir annleis når eg kan gå på butikken for å kjøpe det når eg vil. den mogelegheita er eg ikkje vand til.
norske skog trist.
petter stordalen spy. han er ein dverg eg får frysninga av å sjå/høyre.
i morgon skal eg passe vilja (dottera til irene). trille ho rundt i hamar.
det blir fint. også skal eg ha ei pute under genseren. slik at dersom nokon stopper og seier "så søt ho er... bla bla". så skal eg stryke meg over magen og seie "ja.. det er fantastisk. eg kan ikkje vente til nummer to kjem". også skal eg flire sånn "hahaha.." og gjerne ta vedkomande på arma.
eg har jo mange "gravidkjoler". fint.
It's four in the morning, the end of December
I'm writing you now to see if you're better.
klokka er berre elleve og eg er trøtt. har drukke vin og sett på t p og migrapolis.
eg skal på skulen klokka åtte i morgon, men seier nei takk.
eg håper eg greier å oppretthalde snusforbodet når eg reiser til oslo. det blir annleis når eg kan gå på butikken for å kjøpe det når eg vil. den mogelegheita er eg ikkje vand til.
norske skog trist.
petter stordalen spy. han er ein dverg eg får frysninga av å sjå/høyre.
i morgon skal eg passe vilja (dottera til irene). trille ho rundt i hamar.
det blir fint. også skal eg ha ei pute under genseren. slik at dersom nokon stopper og seier "så søt ho er... bla bla". så skal eg stryke meg over magen og seie "ja.. det er fantastisk. eg kan ikkje vente til nummer to kjem". også skal eg flire sånn "hahaha.." og gjerne ta vedkomande på arma.
eg har jo mange "gravidkjoler". fint.
It's four in the morning, the end of DecemberI'm writing you now to see if you're better.
dik(t)emark
knekkebrød og ost
er godt å ete
prest eller prost..
kven har drete?
veden brenn
det byrjer å varme
eg treng ein venn
men ikkje bjørn kvarme
bank bank
nokon driv dank
kjem på besøk
kvit.... løk...
drep meg sakte
glad eg bakte
kake av blod
den var god
alle er døde
kakene er røde
skulle gi dei i gåve
til ungdom på hove
festivalen.
er godt å ete
prest eller prost..
kven har drete?
veden brenn
det byrjer å varme
eg treng ein venn
men ikkje bjørn kvarme
bank bank
nokon driv dank
kjem på besøk
kvit.... løk...
drep meg sakte
glad eg bakte
kake av blod
den var god
alle er døde
kakene er røde
skulle gi dei i gåve
til ungdom på hove
festivalen.
twin peaks

i neglen til laura og ho første som var drept finn politiet små papirlappa med bokstava.
dei finn også ein på ho som ligg på sjukehuset som overlevde natta då laura vart drept.
i oversetjinga seier "special agent" dale cooper:
han (morderen) må ha vore her.. "those letters were never made public". dette vart oversatt til "breva(!) vart aldri offentliggjort."
brrrrr......a. ka ku. aku-sko. ka-ka-ka-kake.
eg et sjokoladekake.
for kvar dag som gjeng vert det klarare og klarare at kakemonster er min identitet.
eller. eg vil heller at min identitet er mora til "it's alive"-babyane. det er eg frå før. gro er mitt barn. saman med resten av befolkinga på fjørtofta.
"it's time to come home".
eg skulle berre ønske dei delte min pasjon for kake i staden for menneskekjøtt.
Tuesday, March 11, 2008
redrum

vi kidnappa ein hjort og sat den i fjøset. eller hjortenappa for å vere presis.
traktoren vår.
her er fôret som eg deler med div kyr.i dag reiste birk, balder og gudbrand. eg veit ikkje kvar- men til ein anna gard. vi har ikkje plass eller fôr til å ha oksekalvane.
kjønnsdiskriminering.
i dag har eg baka rosinboller, banankake og grove rundstykker (med linfrø++). eg har ikkje gjort noko skulearbeid. i tillegg har eg vore med på morgonstellet.
no skal eg ete meir mat. det er det eg gjer.
all food and no schoolwork makes sara a dull girl. eller var det omvendt?
det einaste som er sikkert no er at det skjer noko rart med skrifta her. og at eg innser at det ikkje er nødvendig å skrive ting på bloggen berre for å gjere det.
likevel gjer eg det...
«eg vil det for mykje
slik eg alltid vil alt
altfor mykje og at
det er difor det
aldri skjer»
-Ruth Lillegraven-.
Saturday, March 8, 2008
my life is starting over again, over again
my friends say I’m back again
My life is starting over again
Over again........
I know that there's no place left to hide
I guess that it’s better then suicide
The years of suffering and pain
There's no one to blame except myself
But my life is starting over again
Over again
suffering and pain er vel å ta litt hardt i.
men no more snus and no more getting to drunk to.. nei. ja. cause suffering and pain (eller heller irritasjon) for andre.
nei. eg veit at akkurat det ikkje er over. eg skal i alle fall prøve å slutte å gå ut så ofte. no er eg i gausdal, les bok og høyrer på musikk. feitt.
i tillegg dreit eg meg ut på å feire kvinnedagen. eg baka bolla, tok oppvasken og mjølka kyr. men til mitt eige forsvar hadde eg ikkje gjort det om nokon hadde spurt meg/ forventa det.
det var slitsomt i fjøset. 22 kyr/kvige som klaga over korleis vi braut intimsonene deira. bitches.

elg
like før eg reiste til gausdal i går kom dei to elgkalvane som bur i skogen med mora
ut på jordet. eg tok dårlege bilete av dei. eg kom ganske nære, før eg bestemte meg for å snu tilfelle kua kom. kua bruker ikkje å angripe ved årskalvar, men eg tenkte.. scheisse. eg vil ikkje risikere det.
snart kjem kua til å jage vekk kalvane, då skal eg stå med opne armer. gler meg.
Friday, March 7, 2008
Thursday, March 6, 2008
whistlin' past the forest.

Mio blir med på tur
den onde skyggen eg ikkje blir kvitt
denne traktoren kler meg trur eg. så eg stjel den når eg flytter
det var mykje vind i dag. fint med snø. synd eg kom på at eg kunne ta fram dragen først etter ein time ute og då var eg så kald at eg måtte inn for å varme meg.
no forsvann eit bilete.. kva skal eg gjere for å få det tilbake? eg laster opp på nytt.
der kom fuglekassa.
eg traff to rådyr på turen, men dei var så langt unna at bileta vart dårlege. dvs små små små. dvergrådyr. dei var fine, men trist då dei vart tatt av mio.
her skjedde det mykje
ein film som mest sannsynleg ikkje var meininga skulle vere ein film. den er frå laurdag vil eg tru.
Subscribe to:
Posts (Atom)