Wednesday, March 26, 2008

kvifor skriv eg berre når eg er sur/trist/lei?





fordi når eg ikkje er det så gjer eg andre ting enn å sete foran datamaskina.
men eg er ikkje sur eller noko no.. berre litt tafatt. eg har vore i fjøset i dag + gått tur + hjulpe pappa med å ta ned garasjeporten. ergo: eg er ikkje 100 % tafatt, berre litt.
i går var eg også tafatt, men berre facebooktafatt. og facebook er jækla kjedelig.


på fredag skal eg tilbake til hamar. det er planen. mamma er sjuk, pappa skal på møte på torsdag. noko som resulterar i at eg "må" jobbe her. like greit i grunn, då tener eg penger (som jeg ikke trenger) + lærer noko.

og kvifor lastar eg opp slike kjedelige, triste bilete? jo. det skal eg seie deg.

FORDI DET ER DET EG TEK BILETE AV! 24/7.

no skal eg setje på meir kaffi slik eg byrjar å skjelve.

No comments: