at eg bør bli kokk/baker i staden for bonde.
når eg tenkjer meg om så er noko av det viktigaste når eg skal finne ny bolig at eg har stor fryser slik eg kan lage mat/bake og så fryse ned.
ellers skal eg prøve å få meg jobb som bakar om eg ikkje får jobb som noko innanfor økolandbruk etter sumaren. på korn eller godt brød. enten dei vil ha meg eller ei. eg skal i alle fall bake mot betaling.
evnt skal eg starte eige bakeri/kafe. temaet skal vere feil.. stavefeil, orddelingsfeil o.l. alt skal vere feil. ALT! ALT! eg skal lage solsikkebrød med kokos og kokosbolla med solsikkefrø!
S-J-U-K-T.
no er eg kvalm pga eg har ete for mykje. det er ikkje bra å tilbringe kveldar inne i staden for ute. men eg har blitt vaksen. ergo: ikkje fest så ofte meir.
betre å vere kvalm av mat enn av alkohol. det einaste som er skremmande er utviklinga på lang sikt. eg ser det for meg:
"heller alkohol enn feithol"
sara, ei jente på 22 år opprinneleg frå sunnmøre vart sterkt overvektig etter at ho bestemte seg for ei endring i livsstil. ho trudde ho ville bli sunnare og meir vaksen då ho slutta å drikke seg full heile tida. resultatet vart noko anna. no kjem ho seg ikkje ein gong ut døra. slå opp feit i ordlista, så er det eit bilete av sara.
for ein artikkel. for ei formulering. eg bør vel heller bli journalist.
no skjedde det noko skremmande. eg var på msn då eg kom tilbake hit hadde det opna seg to nye faner. begge for match.com. er det eit teikn? vil eg finne the man of my dreams der? framtida vil vise.. om eg ikkje har funne han om ti år vil eg prøve det. dersom det fortsatt finnast.
for... mykje... tekst... greier... ikkje... lese... så... mykje...
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment