Sunday, December 21, 2008
Friday, December 12, 2008
ut snut sove

"every time you feel like crying,
I'll try to make you laugh"
det er fint.
kvar gong eg føler for å sove
vil du prøve å få meg til å gå ut?
tviler.
eg kan ikkje sove no.
"sove kan ein gjere i grava når ein ikkje har anna å ta seg til"
det er vanskeleg å omstille seg frå å vere pensjonist på landet til ungdom i byen.
Tuesday, December 9, 2008
Bodega
Irene har fått meg med på julebord på Bodegan. Kva skal eg på julebord? Eg skjøner ikkje kva det går ut på ein gong. Danse? Ete kjøt? nr 2. passer meg ikkje, nr 1. usikkert.Eg kan i alle fall henge med Irene.
Men kva med dei andre ungdommane? Vil dei akseptere meg sjølv om eg ser ut som ein gris?
Eg er verkleg ikkje i form til å pynte meg no.
Og det å pakke får fram uante sider ved meg. Skumle sider.
Torsdag tek eg med meg stoltheita mi og flytter til Oslo.
Monday, December 8, 2008
Menneske er ut
fossila krasja bilen og no kan eg ikkje låne den andre pga dei trur eg vil krasje. kva tid skal eg kome meg ut? torsdag trur eg.
eg vil flytte no!! eg vil sjå leiligheita!! eg vil setje øl!! vin!! eg vil bake! eg vil finne jobb. eg vil ikkje lengre vere innesteng i gausdal. eg vil ikkje gå med ullundertøy inne og prøve å varme meg i badekaret som ikkje har plass til meg. dette er enda eit eksempel på noko som gjer at eg skulle ønske eg var dverg.
Irene, Vilja, Kaisa og eg på tur
Sunday, December 7, 2008
frå hytting til flytting på tre daga
Thursday, December 4, 2008
filmen om Mio
Ein film som ikkje er noko spennande. Ein ser Mio kome mot kameraet. I tillegg er den feil veg. Eg advarar deg.
Wednesday, December 3, 2008
nakken min er stiv og støl, eg trur eg er ei skjærefjøl.
Tuesday, December 2, 2008
her vil eg bu.
dette er kjøkkenet eg vil bu i.
dette er spisestua eg vil ete i.
dette er stua eg vil utføre andre aktiviteter. t.d lese, sjå film, rope, musikk, kappgang og rosemaling.

kven er dei? frida, tuva og sara.

dette er badet eg vil ta lange bad i. med stearinlys, panfløytemusikk og røkelse + eit glas raudvin. NOT! men eg vil ta lange bad.
eg er så FANTASILAUS for tida at eg nesten kan byrje å grine. USA har gjort meg tørr og glad. eg trur det at eg er så glad for tida har gjort meg dum. glade mennesker er ofte litt tilbakeståande.
Saturday, November 29, 2008
jihad
eg har vore med mormor som bur på røa. ho har lurt meg til å ta med ein kjølebag til mor.
på veg til t-bana går eg forbi ein barnehage. då kjem ein dritunge springane og ropa:
-du har bærsj i den greia di!!
eg vil kome med eit smart comeback for å skikkeleg såre han, så seier han:
-di feite ku!!
eg grin meg sjølv i søvn medan eg planlegg hevn.
Thursday, November 27, 2008
Økologisk i Gausdal
Den lokale coop-butikken i Gausdal har nesten aldri økologisk, men eigaren har fått med seg at fossila er veldig opptatt av øko og er alltid veldig hjelpsom når dei er der.
Samtale på Coop Brua, Forset:
Mamma: Hei.. har dere økologisk rømme?
Coop-mann: Nei. Det har vi dessverre ikke..
Mamma: Neivel... Da får jeg ta en pakke kaffefilter.
Coop-mann: Vent litt! (veldig ivrig). Vi har økologiske kaffefilter.
Mamma: (stusser litt, men blir nyskjerrig), javel?
Coop-mannen skunder seg til ei anna hylle og kjem tilbake med brune (ubleika) kaffefilter.
Mamma: Åja.. det er slike vi bruker..
Coop-mannen smiler og er tydeleg veldig fornøgd med å endeleg ha noko "økologisk".

Tuesday, November 25, 2008
kva slags psykopat er det som har dette på nattbordet sitt?
Vi berre kasta det
Middag, Garage => Mono.. Kva skjer vidare???
going 70-80-90's
Monday, November 24, 2008
fakta faen.
Unnskyld:
Tabell: Kjøttforbruk i Norge, inklusive kjøttbiprodukt og anslått kjøp ved grensehandel.Kg per innbygger
1959: 37,5
1979: 55,0
1989: 54,1
1995: 62,7
2000: 67,1
2005: .74,7
2006: 75,0
2007: 78,8*
dersom det skal vere ein berekraftig utvikling bør ikkje kjøttforbruker per pers i verda vere på mier enn 25-30 kg (no er gjennomsnittet 45 kg).
Slutt å et så jækla mykje kjøtt. Og i tillegg kan ein lese litt om forbruket til ein gjennomsnittleg nordmann der.
Ikkje kjøp julegåve i år. Lag noko. Eller er det berre eg som ikkje har jobb? Ein får vel laga noko uansett. Kukake. Det skal eg gi vekk i år. Ikkje høyr på Kristin Halvorsen.. Trur eg... Det er vanskeleg å ville minske forbruket samstundes som å behalde arbeidsplassar.
www.framtiden.no

Wednesday, November 19, 2008
Ting som provoserte meg i USA
Subscribe to:
Posts (Atom)