



eg drikk vin og tenkjer på min
kva?
eg veit ikkje.
men såg på jon stewart eller kva han heiter på nrk2. han liknar på ein eg traff i dublin. syns eg.
det får meg til å ville reise og dermed vert usikker på om oslo er det eg vil til hausten.
også blir eg usikker på meg sjølv, men det er eg alltid uansett.
usikker på om våren er her for å bli og om eg er blid.
eg trur eg er ganske sur, men vil ikkje vere det.. ergo: eg later som om eg er blid.
det er i alle fall vår, men håper på regn pga oppgåve foran datamaskina.
også er eg så kjedelig for tida at til og med det gjer meg trist. uff. det er statistikken som gjer det. den kan gjere alle grå. ikkje at eg er så fargerik til vanleg, men eg har i det minste litt raudt med meg (i TRYNE!)