kaja hadde ei hengekøye på balkongen. eg låg i den, litt stressa pga ho hadde lagt eit bord og nokre stola under hengekøya. eg frykta hennar kunnskap om hengekøyefesting var på eit minimum. det gjekk bra. dvs for meg. seinare på dagen datt hengekøya ned.
vi fekk god frukost av kaja. ferskpressa juice frå den nye kjøkenmaskina.
frida prøvde dagen etter å toppe frukosten til kaja. eg tør derimot ikkje å nemne ein vinnar av frykt for å ikkje verte invitert lengre.
frida ville vise meg alle dei fine husa på frogner. samt blomane
eg ville vise frida den nye tyggisen eg hadde kjøpt. det var ein heilt "vanla" tyggis.
her er hengekøya igjen.
1 comment:
It could challenge the ideas of the people who visit your blog.
Post a Comment