problem med å konsentrere meg om skulearbeid har gjort at eg til no i dag har sett to filmar.
det "triste" er at begge filmane har eg sett før:
korleis skal dette ende??
nei. det var ikkje ein film, berre eit utsagn.
big fish og art school confidential.
big fish har eg hatt lyst til å sjå igjen lenge, medan art s c måtte eg sjå ein gong til etter at eg las at daniel clowes hadde vore med å produsert den.
mio er jækla overlegen for tida, han berre later som om eg ikkje eksisterar. det gjer meg sur. eg kan setje meg ved sidan av han (han ligg i senga) og hoppe opp og ned, synge, rope, kaste ting på han (dvs skjal og andre lette ting), han berre ligg der. han har blitt litt for vand med at eg er slitsom.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment