Thursday, May 15, 2008

eg stengte porten til portugal

frida har ein ekstra billett til portugal med hotell i ei veke som eg vil vere med på.

men fordi eg alltid syns det er best å gjere ferdig ting rett før frista, kan eg ikkje.

difor drikk eg 10 liter med te kvar dag for å døyve smerta, medan eg tenkjer på livet etter oppgåveinnlevering.
livet då eg skal slutte å drikke så mykje te, det øydelegg livet mitt.
grunnen til at eg drikk så mykje te er vel heller at eg har så mykje og skal prøve å drikke opp alt før eg flytter. te er så tungt å flytte.

eg prøver også å tømme fjernsynet slik det vert litt lettare. dumt å flytte noko som er fullt av søppel.

også vurderer eg om det blir roadtrip i USA etter sumaren. eg vil, eg vil, men må ta hensyn til økonomi og framtidsplanar. kva planar? eg blir med så får gro og eg bli igjen og bli white trash buande i telt.

No comments: