Sunday, December 21, 2008
Friday, December 12, 2008
ut snut sove

"every time you feel like crying,
I'll try to make you laugh"
det er fint.
kvar gong eg føler for å sove
vil du prøve å få meg til å gå ut?
tviler.
eg kan ikkje sove no.
"sove kan ein gjere i grava når ein ikkje har anna å ta seg til"
det er vanskeleg å omstille seg frå å vere pensjonist på landet til ungdom i byen.
Tuesday, December 9, 2008
Bodega
Irene har fått meg med på julebord på Bodegan. Kva skal eg på julebord? Eg skjøner ikkje kva det går ut på ein gong. Danse? Ete kjøt? nr 2. passer meg ikkje, nr 1. usikkert.Eg kan i alle fall henge med Irene.
Men kva med dei andre ungdommane? Vil dei akseptere meg sjølv om eg ser ut som ein gris?
Eg er verkleg ikkje i form til å pynte meg no.
Og det å pakke får fram uante sider ved meg. Skumle sider.
Torsdag tek eg med meg stoltheita mi og flytter til Oslo.
Monday, December 8, 2008
Menneske er ut
fossila krasja bilen og no kan eg ikkje låne den andre pga dei trur eg vil krasje. kva tid skal eg kome meg ut? torsdag trur eg.
eg vil flytte no!! eg vil sjå leiligheita!! eg vil setje øl!! vin!! eg vil bake! eg vil finne jobb. eg vil ikkje lengre vere innesteng i gausdal. eg vil ikkje gå med ullundertøy inne og prøve å varme meg i badekaret som ikkje har plass til meg. dette er enda eit eksempel på noko som gjer at eg skulle ønske eg var dverg.
Irene, Vilja, Kaisa og eg på tur
Sunday, December 7, 2008
frå hytting til flytting på tre daga
Thursday, December 4, 2008
filmen om Mio
Ein film som ikkje er noko spennande. Ein ser Mio kome mot kameraet. I tillegg er den feil veg. Eg advarar deg.
Wednesday, December 3, 2008
nakken min er stiv og støl, eg trur eg er ei skjærefjøl.
Tuesday, December 2, 2008
her vil eg bu.
dette er kjøkkenet eg vil bu i.
dette er spisestua eg vil ete i.
dette er stua eg vil utføre andre aktiviteter. t.d lese, sjå film, rope, musikk, kappgang og rosemaling.

kven er dei? frida, tuva og sara.

dette er badet eg vil ta lange bad i. med stearinlys, panfløytemusikk og røkelse + eit glas raudvin. NOT! men eg vil ta lange bad.
eg er så FANTASILAUS for tida at eg nesten kan byrje å grine. USA har gjort meg tørr og glad. eg trur det at eg er så glad for tida har gjort meg dum. glade mennesker er ofte litt tilbakeståande.
Subscribe to:
Posts (Atom)


