Tuesday, December 25, 2007

season of the witch



eg er ei heks. det er iallefall ikkje langt unna.
skal eg til brattvåg? skal eg ikkje til brattvåg?
kan eg bli så sint eg berre greier utan at det er "farleg" pga eg har lågt blodtrykk?
speler dei spel nede?
bør eg slutte å forvente at eg skal bli underhaldt kvart minutt?
skal eg jobbe med oppgåve/lese til eksamen?

no vil idun og hallstein at vi skal spele spel. då krev eg iallefall vin. gratis. gi meg. no. frida seier "dei kjem til å tru at vi berre gjer det (speler) på grunn av å få alkohol". eg skjøner ingenting. det er difor eg gjer det. nesten. også er det jo fantastisk digg å knuse dei. noko eg kjem til å gjere. sjølvsagt.

Sunday, December 23, 2007

familien får slår til igjen




eg spyr opp jula. no skal eg ta mange S-T-Y-G-G-E bilete av den forpulte familien min for så å leggje det ut her. stay tuned. ok.. desse bileta er jo av dyra. dei er ikkje forpulte. dei er forkule. i dag skulle vi på felix i lillehammer, men så var det plutseleg ingen av dei gamle søskena som ville. dei skrumper inn, byrjer å likne meir og meir på fossil. eg er redd at dersom eg er borti dei smuldrar dei opp.
men vi har vore på skitur og det var morosamt. kaja var ganske flink til skiting. ha! altså ting med ski å gjere, ikkje å skite/drite. mira derimot dreit i skiløypa. bra. idun var ganske dårleg på å velge akebrett. frida var veldig flink til å renne på ski ned bilvegen. eg var dårleg på ski, men ein jævel på akebrett.
vi har fått ein ny kalv. eg ville at den skulle heite barbro, men det ville ingen andre. igjen eit stort psykisk nederlag for meg. familien bryt meg ned, stykke for stykke. igjen og igjen og IGJEN.

Friday, December 21, 2007

action i kvardagen.

eg har bestemt meg for å bli flinkare til å ta bilete av menneske/få meg vener/henge med andre folk som ikkje er i familie med meg.
det er vel ikkje vanskeleg å sjå at mesteparten av tida mi tilbringe eg saman med dyr og frida. eg trur det er usunt.
vi har heldigvis ikkje starta vårt eige språk. fjoff.

i dag har eg baka cookies (utruleg nerdete med engelsk namn - kake) og kokosmakronar. kokos og cookies. eg er klin cookies.
going once, going cookies.

alle søstrene var i lillehammer i dag, kaja var på treningsstudio. trist.
så åt vi pizza. eg kjøpte julegåve sjølv om eg skulle drite i det. for eit press. all of them bitches - søstrene.


utafor strandtorget (jævla strandtorget) ropte ein gangster: "hey bitches! what's up?". eg snudde meg, tok ein salto og svarte "ey my brother from another mother. nothin'.. just chillin'.. checkin' out the boyz at strandtorget.. what ya'll doin' here?" dei var fleire. så tok han opp ein digert MP5!
"what the fuck's goin' on?" brølte idun!!
kaja ropte med si sterke røst "freeze motherfucka. you ain't gonna do what ya gonna do fuckass".

fortsetjelse følgjer...

bilete frå togturen oslo-hamar




Tuesday, December 18, 2007

save the french fries.. save the world?








eg gløymte å ta bilete når eg var i oslo pga det var så gøy. her er: idun, tina, isak og frida, petter, frida og eg som danser på vors. eg trur det var det. kjekt. tilbake til helvete aka oksum gård. neida, men det kan vere litt kjedelig her. snart er det heroes.
eg gler meg til den gongen eg kan rope "It's my turn to be somebody nathan!" berre at eg helst vil bytte ut nathan med nokon andre. eg kjenner ingen nathan. nathaniel kjenner eg. han er død. enkelt å begrave han pga familien eig eit begravelsesbyrå. fisher heiter han til etternamn. i dag tenkte eg på kor forferdeleg det er å dø i ei bilulykke. eller berre vere i ei og få kroppen knust. kjedelig.

Tuesday, December 11, 2007

statusrapport frå oksum gård

- i kjellaren er det mykje mus som øydelegg alle grønsakene våra. Mio og Kathinka tek ansvar.
- eg steller fjøset saman med mamma.
- Frida er lat.
- eg gler meg til å fare til oslo i helga. endeleg kan eg møte andre menneske.
- eg har laga rammer ved hjelp av sag. foreslo at eg kan få meg jobb som møbelsnekkar, men Martin seier eg heller skal bli pøbelsnekkar. det trur eg er ein jobb eg kunne trivast i.
- eg har sendt mail til ein stor bio dynamisk gard tre timar nord for New York. der vil Gro og eg jobbe neste år.
- det er veldig stille her.
- i morgon skal eg til hamar. siste tur før jul og det er digg.
- no er eg snart på veg opp trappa for å stemple Frida i tryne. din død er bestilt Frida.
- eg veit ikkje kvifor eg skriv det her, men eg har ikkje noko betre å ta meg til. har tatt oppvasken slik det er sagt. saks.
-Hagen er her for å fikse noko. Hagen Saks heiter han. sikkert Sax. han er tysk. morsomt namn. nesten like morsomt som Not Vital frå Sveits.

sara og kalvane







fornøgde dyr og menneske. kalven Gudbrand og Sara på nye eventyr. kua Svana på gamle eventyr.

gassbluss






eit bilete er av tord og frida. eit anna er av tom. eit anna er av mira som smiler. eit ANNA bilete er av meg som prøvde å legge an på bob på nachspiel i brattvåg. han vart ikkje med meg heim.

Sunday, December 2, 2007

oppgåve






eg byrjer å bli lei av Gausdal, det er ikkje mykje å gjere her. eller.. det er mykje å gjere, men lite folk. vi var på juleutstilling i kunstnerkollektivet på den gamle skulen her. der var det veldig mykje fint og hyggelege folk. dei hadde kafé med levande jukebox. dvs ein mann som spelte gitar og sang og folk fekk ønske ein song for 20 kr. eg burde ha ønska meg ein song. det var country-jukebox. eg skulle ønska noko med cowboy laila eller anne nørsti.
eg har bestemt meg for kva eg skal gi folk i gåve. noko eg skal lage. i tillegg til den andre tingen eg har laga.

Saturday, December 1, 2007

I see dead people

For å gjere ei hisorie kort:
då eg var ca 8 år og var på besøk med ei vennide var vi ute å leike og eg såg nokon i eit ubebudd hus. Eg forklarte korleis dei såg ut og kva dei gjorde. det var ingen i det huset, verken då eller til vanleg, men eg var heilt sikker på at eg såg nokon. Så gjekk vi inn og eg vart dårleg med over 40 i feber. mamma og pappa kom og henta meg og då vi var heim hadde eg ikkje feber lengre. det var den historia.

for å gjere ei historie lang:
I dag var eg inne i huset saman med frida då eg såg mamma og pappa kome gåande frå fjøset. eg gjekk for å møte dei i døra pga vi skulle på butikken og hadde litt dårleg tid. mamma opna døra og eg sa "vi burde nesten reise no om vi skal rekke.."

så såg eg det stod ein person mellom dei og tenkte det ikkje var nødvendig å mase ettersom dei hadde fått besøk. eg tenkte det var han som eigde garden for ca eit år sidan som var innom. så gjekk mamma og pappa inn og lukka døra, det var jo ganske frekt tenkte eg, men sa ingenting. så gjekk pappa ut igjen og eg tenkte han og den forrige eigaren skulle fikse noko.
eg spurte mamma om kven som var her og ho skjønte ingenting. eg spurte om det var erland (eg har aldri møtt han) og følte meg litt teit som ikkje hadde hilst på han. "det er ingen på besøk" sa mamma.

eg hadde sett ein persom som stod mellom dei litt bak. det er eg heilt sikker på. ein litt lav person i mørke klede, eg såg ikkje ansiktet, berre skikkelsen. eg er fortsatt heilt sikker på at det stod nokon for då dei gjekk inn bevegde personen seg til venstre.

kanskje det var fjøsnissen.

what's up dog?


dyr som vanleg








den nye dølakua, mira som er glad for at pappa kjem, mio som er hovudet til frida, kathinka m.m

Sunday, November 25, 2007

rastlaus på natta




mira har ein fin profil, and she knows it.

eg prøver å ta bilete av mira og meg, men får berre med litt av refleksen hinna. typisk. lindy: dersom du ser dette er det nok det siste du nokon gong vil sjå av meg. det at du oppdager at eg har stjelt hua di vil få meg til å grave meg ned i ei hule. ei snøhule. du vil evnt finne meg når snøen smelter. død.

Kukake











Dokka, Ronja (mor til Birk), Birk, Rødlin, Bota, Gulla, Mari, Ylva, og Godlin