

eg spyr opp jula. no skal eg ta mange S-T-Y-G-G-E bilete av den forpulte familien min for så å leggje det ut her. stay tuned. ok.. desse bileta er jo av dyra. dei er ikkje forpulte. dei er forkule. i dag skulle vi på felix i lillehammer, men så var det plutseleg ingen av dei gamle søskena som ville. dei skrumper inn, byrjer å likne meir og meir på fossil. eg er redd at dersom eg er borti dei smuldrar dei opp.
men vi har vore på skitur og det var morosamt. kaja var ganske flink til skiting. ha! altså ting med ski å gjere, ikkje å skite/drite. mira derimot dreit i skiløypa. bra. idun var ganske dårleg på å velge akebrett. frida var veldig flink til å renne på ski ned bilvegen. eg var dårleg på ski, men ein jævel på akebrett.
vi har fått ein ny kalv. eg ville at den skulle heite barbro, men det ville ingen andre. igjen eit stort psykisk nederlag for meg. familien bryt meg ned, stykke for stykke. igjen og igjen og IGJEN.
2 comments:
Eg er ingen fosil...d e d du som e...eg berre nevner det!
ok. du har nintendo wii og er dermed den i familien som gjer størst innsats for å underhalde meg. det er fint. PS: non stop lev verkeleg opp til namnet.
Post a Comment