For å gjere ei hisorie kort:
då eg var ca 8 år og var på besøk med ei vennide var vi ute å leike og eg såg nokon i eit ubebudd hus. Eg forklarte korleis dei såg ut og kva dei gjorde. det var ingen i det huset, verken då eller til vanleg, men eg var heilt sikker på at eg såg nokon. Så gjekk vi inn og eg vart dårleg med over 40 i feber. mamma og pappa kom og henta meg og då vi var heim hadde eg ikkje feber lengre. det var den historia.
for å gjere ei historie lang:
I dag var eg inne i huset saman med frida då eg såg mamma og pappa kome gåande frå fjøset. eg gjekk for å møte dei i døra pga vi skulle på butikken og hadde litt dårleg tid. mamma opna døra og eg sa "vi burde nesten reise no om vi skal rekke.."
så såg eg det stod ein person mellom dei og tenkte det ikkje var nødvendig å mase ettersom dei hadde fått besøk. eg tenkte det var han som eigde garden for ca eit år sidan som var innom. så gjekk mamma og pappa inn og lukka døra, det var jo ganske frekt tenkte eg, men sa ingenting. så gjekk pappa ut igjen og eg tenkte han og den forrige eigaren skulle fikse noko.
eg spurte mamma om kven som var her og ho skjønte ingenting. eg spurte om det var erland (eg har aldri møtt han) og følte meg litt teit som ikkje hadde hilst på han. "det er ingen på besøk" sa mamma.
eg hadde sett ein persom som stod mellom dei litt bak. det er eg heilt sikker på. ein litt lav person i mørke klede, eg såg ikkje ansiktet, berre skikkelsen. eg er fortsatt heilt sikker på at det stod nokon for då dei gjekk inn bevegde personen seg til venstre.
kanskje det var fjøsnissen.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment