
vi kidnappa ein hjort og sat den i fjøset. eller hjortenappa for å vere presis.
traktoren vår.
her er fôret som eg deler med div kyr.i dag reiste birk, balder og gudbrand. eg veit ikkje kvar- men til ein anna gard. vi har ikkje plass eller fôr til å ha oksekalvane.
kjønnsdiskriminering.
i dag har eg baka rosinboller, banankake og grove rundstykker (med linfrø++). eg har ikkje gjort noko skulearbeid. i tillegg har eg vore med på morgonstellet.
no skal eg ete meir mat. det er det eg gjer.
all food and no schoolwork makes sara a dull girl. eller var det omvendt?
det einaste som er sikkert no er at det skjer noko rart med skrifta her. og at eg innser at det ikkje er nødvendig å skrive ting på bloggen berre for å gjere det.
likevel gjer eg det...
«eg vil det for mykje
slik eg alltid vil alt
altfor mykje og at
det er difor det
aldri skjer»
-Ruth Lillegraven-.
No comments:
Post a Comment