Wednesday, March 5, 2008

bla-bla-bla. eg skriv og riv meg i håret.

snø sno ko. koko.
det snør ute. eg fann fram scooteren, skrudde på ting. den virka ikkje. eg vart svart på hendene og følte meg kul. håper dei arbeidskarane som jobber med hovudhuset såg meg og tenkte "kuuul". mest sannsynleg tenkte dei heller "kløøøøøønete". stig skal kome ein dag for å hjelpe meg. fjoff.

det er vel for tidleg uansett. med scooteren. eg hater snø og kulde.

eg har mageknip, ikkje sånn "eg var ute i går kvalm", meir uff. eg er lei og føler meg dårleg.
heldigvis har eg bestemt meg for å slutte med fylleangst. eg gjer/sei dumme ting. det einaste som kan gjere det betre er å sluttte med det. det hjelp ikkje å ha panikkfølelse i fleire daga. trur eg. eg har blitt litt sånn "eg drit vel i kva du syns om meg!". til alle. nei ikkje alle. ikkje venane mine. heldigvis. så då trur eg det berre er ei positiv utvikling.

men eg var ute i går. på bodegan, men det var dritakjedelig så lindy, jenny, stig og eg stakk til hamar. der var det I-N-G-E-N. men det gjekk jo fint. det var gøy. vi spelte biljard. stig og eg vann.

også trur eg at eg gløymte kortet ute. det hater-hater-hater eg. eg må få nokon andre til å hente det pga. eg ikkje skal gå ut meir i hamar. ha-ha-hamar. det spørs om eg greier å halde meg heilt til juni. eg kan reise oftare til oslo, heller gå ut der. eller så kan eg skaffe meg ein meir sunn hobby.

eg tell ned til eg skal flytte. nesten.

No comments: