Thursday, March 6, 2008

Effekt av diing på kalveåtferd og helse. Samt ulike løysingar

skule-skule. eg skulle le.

i morgon reiser eg til gausdal. eg orker ikkje å vere her når lindy reiser.

så då tek eg mio under arma, sekken på ryggen og stoltheita i ei rompetaske.


det var brannøving på blæstad i dag. då måtte vi møte opp ute,. boring.


då vi kom på skulen i dag møtte vi ein fasan som var på veg inn i kantina.


vi såg elgx3 på jordet for nokre dagar sidan. eg hadde tenkt å springe ut for å lokke på dei, men kom på at eg ikkje visste korleis ein gjer det.


no håper eg at eg ser slutten på oppgåva snart.


no ser eg lyset og vel å gå inn i det. der gjekk lyset. lyset på datarommet styrast av sånne "bevegelsessensora" slik at når ein set å jobba skrur det seg av. det er irriterande.


mykje er irriterande.
Denne t-skjorta har eg veldig lyst på.

No comments: