Monday, March 3, 2008

gaupe


på grunn av mange "bekymringsmeldinger" etter "observasjonar" av nye gaupefamilier vert gaupekvota utvida med to dyr. ergo: dei skal skyte fleire gaupe i gudbrandsdalen.

eg ser for meg desse bekymringsmeldingane kjem frå våpergale menn som ser på det å skyte eit forsvarslaust dyr er noko å skryte av.

greit at ein "må" jakte, men ein kan vel prøve å unngå å skyte trua/verneverdige arter.
eg syns det står respekt i å vere med på jakt. dvs. dersom ein har respekt for dyret ein skyt, feks. ved ikkje å henge opp geviret/hovudet på veggen. bli avbilda saman med det døde dyret.

eg hater folk som ser eit dyr for så å seie "tenk å kunne setje ei kule i den der!". tenk så forferdeleg å ikkje kunne sjå eit fint dyr utan å få lyst til å drepe det.
eg kjem til å setje ei kule i den neste som seier det.
så skal eg stoppe ut hovudet og henge det på stua.

eg passer ikkje til å vere alvorleg. eg kjeder meg sjølv.
tenk om eg kunne brydd meg like mykje om menneske som om dyr.
eg seier som kaja: "sara.. du kjem til å gifte deg med ein katt."

1 comment:

Anonymous said...

ein veldig fin dokumentar om meg:
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/110249