Friday, February 22, 2008

I shot Andy Warhol

eller meg sjølv. det kjennast iallefall slik. som om eg er skutt.

i dag skulka eg skulen samstundes som eg var på skulen. dvs eg møtte opp i hamar, men kjende at eg ikkje ville vere med på noko forelesing.

eg er så jævla lei av at eg tydelegvis ikkje greier å gjere noko anna enn å vere full og t.o.m det er eg dårleg på. eller eg er god på å bli full, men dårleg på å vere grei når eg er det. no har eg fylleangst. som vanleg.

no skal eg legge meg ned for å sjå på six feet under. billy er drømmemannen min. berre at han helst ikkje bør vere "gal". men eg kan vel ikkje forvente noko anna. like barn leker best.

i morgon skal eg bake og gjere andre positive ting. gå tur i skogen, skrive oppgåve. eg skal avslutte mappeoppgåva i herbologi. håper eg ikkje gjeng ut i morgon også.. men det er vanskeleg å unngå ettersom det er den einaste måten eg kan treffe (nye) folk på her.
eg såg ein person gjekk forbi her tidlegare. i går såg eg eit rådyr. når ein ser fleire dyr enn menneske i løpet av ei veke bør ein innsjå at noko må endrast.
eller kanskje det er akkurat slik det skal vere for meg.

nei, etter sommeren stikk eg til utlandet. glad eg ikkje heiter bjørg. det kunne skapt mange pinlege opplevingar i utlandet. no er eg jo i innlandet, eg hater innlandet. dersom isen er tjukk nok skal eg setje meg ned på mjøsa og drite. håper nokon tråkker på den og tek den med seg rundt i heile hamar.
gler meg.

neida. eg ser det ikkje er hamar det er noko feil med. hamar er ein bra stad. (men har berre dårlege bakeri). (trur eg).

No comments: