no har eg akkurat sett ein film. eg er god på å sjå film.
den heiter half nelson og handlar om ein lærer i brooklyn som samstundes som å vere lærer er NARKOMAN!! jada.. det høyrast sikkert ut som ein typisk kjedelig dramafilm. dvs det er drama, men likevel likte eg den godt. kanskje fordi eg vart forelska i hovudpersonen. eg er også god på å bli forelska i karaktera på film.
det er ryan gosling som spelar hovudrolla. han er dritagod. så god at eg faktisk byrja å flire høgt då han fortalte ei historie. altså på filmen. eg håper han er med i fleire filma framover.
ho som spelar eleven han blir ven med, shareeka epps er også flink. ho er kul. ho er ordet kul rett og slett.
nokon har stjelt veska til frida med kamera, lommebok+++ masse anna i tillegg til skinnjakka frå nach med sætre, vegar og petter. den som finn ut kven det var får eit eller anna. eg veit ikkje kva, men noko jækla bra. eg kjenner at det gjer meg så sint at eg får lyst ti å grine.
det gjer meg fornøgd å tenkje på at (hyper)kristne meiner at folk som stjel får ro når dei døyr, medan lovlydige "ukristne" folk vil sveve rundt i æva. (eller i ræva).
kjenner eg er god på å følgje "rød tråd" når eg skriv. riv. i papir.
no skal eg rydde litt på kjøkkenet. eg hater å rydde. mio er lat og vil berre sove. her er det ingen likestilling. eg skal kaste han ut. han smører ikkje ein gong si eiga matpakke. eller.. han fanger den sjølv. ok. han er mann nok.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
1 comment:
det at du flirte høgt sara betyr ikkje nødvndigvis at det var morsomt. feks. då du lagde middag og skreiv "what's cooking?", teikna ein person som grilla eit barn og skreiv "children" under i doggen på vindauget flirte du også.
Post a Comment