etter at ein katt vart funne påkøyrd på vegen ved huset er eg så redd for at mio skal bli påkøyrd. sånn for å gjere meg enno meir nervøs prøvde mio å lure meg med at han hadde blitt påkøyrd. som ein kan sjå på dette bilete. no gjer han det kvar dag.
eg trur at når filmen om meg kjem ut, vil temaet vere bakepsycho. eg drep folk som ikkje et kakene eg baker med ei kjevle. medan dei dusjer. sjølvsagt.
i dag har eg baka 2 brød, mange rundstykke og dritamange skillingsboller.
eg skal bake i morgon også. vi må tømme ut tank nr tre med mjølk då og eg blir uvel av å ikkje bruke det. eg trur eg skal bake dag og natt. og gi litt til min katt. mio. for å unngå at han tek sjølvmord.
mira har blitt gjetarhund.
No comments:
Post a Comment