Sunday, July 27, 2008

eg er litt sliten

det som skulle vere ein hyggeleg tur ut i lillehammer utvikla seg til eit reint helvete.
nr 1: felix var stappfull av ungdommer. dvs 18 år.

ja, det var vel det.

frida var heime. ho køyrde medan eg drakk. eg likte fordelinga av oppgåve.

vi fekk oss vener. eg følte meg gamal pga dei var 20. eg motbeviste mi eiga frykt for den snikande alderdommen ved å vere på nach til eg skulle i fjøset kl 07.00. då reiste vi heim og eg gjekk på fjellet og henta dyra og mjølka + fôra. no er eg sliten etter å ha passa garden i helga. fossila var på møte ein eller anna stad. geeks.

også bada vi. i dag og i går. utruleg godt mht at det er så jækla inn i helvete satan varmt. eg har lyst til å bade no også. tør eg? tør eg ikkje? er det noko eg ikkje er redd for så er det forkortingar. sara oks (også kjend som) forkortingsmestaren. ok.. pinleg at det var eit veldig langt ord.
fossila stikk på sætra så eg er heime åleine. det er kos.

No comments: