Thursday, January 17, 2008

fôring og stell av sara

i dag har eg laga to ting:

fløtekaramella til familien og vin til meg sjølv. i morgon skal eg tilbake til gausdal. eg håper roms og brumund også er der. det er brødrene mine. dei er heilt gale. finn alltid på noko sprell. heldigvis er eg der snart. gudane veit kva dei gjer når eg ikkje er der.

alle gudane. det er mange gudar i gausdal.

ein er ein gal rektor frå molde som driv å stel tinga våre, ein anna er stein lillevolden. eg trur mora eig huset ved sidan av vårt, men ingenting er sikkert.

men i helga skal eg bli kjent med alle gudane. også skal eg ta bilete av dei og bygge eit alter på stua. då blir familien glad. eventuelt kan eg setje det i fjøset. det er jo nesten meir naturleg. vi hadde eit juletre i fjøset.

no skal eg legge meg. snart iallefall. eg har statistikk i morgon. det er skikkeleg kjedelig, men det er vel på tide eg lærer meg å gjennomføre ting eg syns er kjedelig.
eg føler eg dett mellom to stoler. eg oppfører meg som ei gamal dame med tanke på frykta for å dette på isen, all bakinga og andre gamaldamegreier. igjen så har eg problem meg å opne kjedelige brev frå banken, lese pensum, skrive oppgåve, legge meg tidleg, ta ting seriøst generelt i grunn. eg må finne ein mellomveg.
-helsing bestemor.

ps: vatnet er kjempevarmt og sola skin kvar dag. i morgon skal vi handle i dei små bodene her. håper dokke har det fint i kalde noreg.

2 comments:

Anonymous said...

Men du...hekkje du ein bror t? Ej berre lure ej...

andemat said...

scheisse. eg gløymte det. det har eg sjølvsagt. dei andre er berre halvbrødre. eller tre brødre som i grunn ikkje er mine brødre. brød heller. du er bror nr 1.