i morgon må eg lese til eksamen. ergo: eg bør leggje meg.
eg håper det er vind slik eg endeleg kan prøve den nye dragen. ikkje no. då blir det ein usynleg drage for det er heilt mørkt ute. eg gjekk ut med matavfallet. det var veldig stille. eg hadde litt lyst til å synge høgt, men det er kanskje dumt å vekke irene, terje og vilja som er på besøk.
i morgon skal dei reise, noko som er utruleg kjedelig. då er det tilbake til home alone with downs syndrome. iallefall med boredandshouldprobablydosomeschoolwork syndrome.
i går såg vi der freie wille. den var bra, men ganske jævleg likevel.
før det såg vi paris je t'aime. den var fin, men eg hadde litt problem med å følgje med.
i dag såg vi litt av city of god som gjekk på tv, men ettersom eg har sett den før var den også vanskeleg å følgje med på.
eg trur eg har konsentrasjonsproblem.
eg er konservert. i lake. sukkerlake. i laken. nyvaska laken som ligg oppe. mio har lagt seg oppå dei så då er det nyvaska laken med kattehår. det er iallefall betre enn menneskehår. eg har lyst å få meg ein ven som er dekka av hår, gjerne kattehår. då kan eg børste han/ho heile tida. eg er ikkje så glad i å børste, men om eg får meg ein ven dekka av hår vil eg gjere det. eg er i grunn ganske grei. mot folk som er dekka av hår. men han/ho kan berre gløyme å låne dusjen min. då blir det så ekkelt å rense sluket.
i dag var vi på maxi. der traff vi ei dame med trebein. og ein mann med tre bein. dei var kjæresta og fotflørta over ein kopp kaffi.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment