Monday, April 21, 2008

jævla veggis.

eg kjenner eg til tider blir litt flau over å bli satt i same bås som pycho-vegetarianera. (der skjedde det noko rart med ordet).

eg var med i ein diskusjon på ei eller anna vegetarside. der er det veldig mange som ikkje ser verda slik den er. tilegner dyr mennesklege eigenskapar o.l.

nei. dersom eg ikkje skal byrje å skjule at eg ikkje et kjøt må eg passe på å få fram at eg faktisk ikkje er dum.
men igjen.. det er jo jækla mange som et kjøt som er dumme. berre at det ikkje er noko som vert lagt merke til. at noko et kjøt altså. eg skal byrje å kommentere det. dersom eg inviterer til middag t.d. så skal eg seie slik "å herregud. eg gløymte at du åt kjøt". uff.. et du dette her eller?"

så skal eg spørje
"kvifor et du kjøt i grunn?".
"kan du ete salat?"
"har du ete kjøt lenge eller?"
"er det ikkje slitsom å vite kva du skal ha til middag?"
"kva gjer du om du kjem i selskap eller noko og dei berre serverer grønsaker?"
"men herregud! kva med julemiddagen??"
"ååååå... men får du ikkje lyst på grønsaker??"

No comments: