Thursday, April 10, 2008

ulv ulv!

i dag tidleg vart det observert ulv der mamma og pappa bur (olstad i gausdal).
den hadde gått på elva som renn rett nedafor garden vår.
i tillegg hadde det blitt sett spor etter ein bjørn som hadde komt ut av hiet og tatt ein elg i nabobygda (svatsum - 10 min gangavstand).

dette gjer at mitt håp om å sjå ulv eller bjørn vert større. sjølv om eg er klar over at eg heilt sikkert ikkje får sett så kan eg i alle fall sjå spor og slikt.

eg gler meg veldig, veldig til å reise dit i dag. då skal eg gå på truge og leite etter spor o.l.

oppdatering følgjer.

men eg reknar nesten med at ulven blir skutt ettersom den er utefor sitt område. eg syns det gir veldig meining å avgrense kvar ulven skal bu. not.

No comments: