Thursday, April 17, 2008

oppsummering av ein fin dag.

sol = eg blir glad.
eg sykla til skulen, plystra medan eg sykla, sang medan eg sykla, sikla medan eg sykla.

etter skulen henta irene meg. vi reiste til hamar der eg tok den første utepilsen. feitt. følte meg kul då eg drakk øl klokka tolv. særleg då eg lata som om vilja dottera mi.

vi såg ein mann som var veldig stygg på håret og eg bestemte meg for å klippe meg slik.
kort, men likevel langt.

så reiste eg heim. låg ute heile dagen saman med mio. høyrde på høg musikk.
vaska klede og hang opp ute.
irene og vilja kom og vi åt is, på teppet i hagen. mio sola seg saman med oss.

seinare bakte eg pizzabolla. dei var gode.

no er eg veldig sliten, eg blir sliten av sola. det tek på å vere glad.

eg har hovudverk og er trøytt, men det er greit.
no fyrer eg i peisen og seinare skal eg smake på raudvinen eg har laga.
alt i alt: ein veldig fin dag.

til helga blir irene og vilja med til gausdal. då skal eg lære vilja eit triks eller to når det gjeld kyr.

No comments: