I gamle dagar var det vanleg
å setje ungane ut i skogen
når ein ikkje ville ha dei.
No for tida
er det ikkje mange som gjer det.
Eg veit berre om
Bakar-Olsen og kona hans.
Dei får unge etter unge
og alle set dei ut i skogen.
Der sit dei og skrik ei stund
og så kjem ulvane og tar seg av dei.
Så veks dei opp med ulvane,
drikk ulvemjølk
og lærer seg ulvemål
og får spisse tenner
og kvart år kjem ein ny unge
og ulvane blir heilt oppgitte,
dei som sanneleg
hadde nok å stri med
frå før.
-ragnar hovland-
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment