eg er så lei av alt maset om kva mat som er sunn, kva ein skal gjere for å vere meir miljøvenleg, korleis ein skal trene for å bli tynn, kva type kjøtt som er bra for deg også beint etter.. også beint etter.
er det ingen som veit kva mat som er sunn? må ein merke sunn mat?
skjøner ingen korleis ein lev miljøvenleg? slutt å kjøp masse klede/ting, ikkje et mykje kjøt, skru av lyset når du gjeng ut døra.
æsj. eg blir kvalm av treige folk.
og ein ting til: storfekjøtt er betre for miljøet enn t.d grisekjøtt uansett kva dagbladet o.l. seier.
det er ikkje snakk om berre kor mykje ei ku fis, ein bør faktisk ta med fôr og fôrutnyttelse i dette idiotiske rekneskapet.
no er eg så sint at eg må ta meg ein sykkeltur. å sykle er betre enn å køyre bil, dersom nokon ikkje har fått det med seg.
dersom folk ikkje har forstått slike enkle ting trur eg det ikkje er noko grunn til å fortsetje å "informere". vi drit oss ut uansett.
det er på tide at nokon andre tek over.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment