Tuesday, April 29, 2008

klage litt meir

eg er lei av data og oppgåve heile tida.
eg er lei av å bu åleine (allereie)
eg er lei av å ha framføring i morgon- dvs eg gruer meg veldig.
eg er lei av skule
eg er lei av vang

men eg er ikkje lei av TANKEN PÅ AT EG SNART ER FERDIG!
sjølv om det nesten er litt skremmande for eg veit ikkje kva eller kvar eg skal.

men eg gler meg uansett.. eg gler meg til sumaren. då skal eg reise på telttur rundt i gausdal. også skal eg ha hest på fôr (om eg snart finn ein), også skal eg ri til sætra vår og bu der utan vatn og utan straum. berre hest, ku, gaupe og andre dyr. evnt menneske om eg finn nokon som blir med.
det er mykje å sjå fram til, men berre først om ein månad. før det er alt drit.

igjen er det tull å klage, eg har sjølv valt å studere. likevel.. hjelp det å klage.
trur eg.

No comments: