då eg las "like an velvet glove cast in iron" så hadde dei ei hending der ein byrjer å spørje "what's the frequenzy kenneth?".
eg syns det var litt sært (kanskje eit veldig rart ord å bruke om ein slik teikneserie) at han hadde med referanse til REM i boka..
etter litt undersøking fann eg ut at "what's the frequenzy kenneth" kjem frå at ein som jobba i CBS, Dan Rather, vart overfalt av to menn i 1986. Medan han vart slått og sparka ropte den eine overfallsmannen "kenneth, what's the frequenzy?".
den eine overfallsmannen var overbevist om at CBS overvaka han og sendte han beskjedar. Så han ville vite frekvensen. han fekk ikkje vite den, i alle fall ikkje då.
han drepte seinare ein anna som jobba i CBS.
så det var kos. no må eg skrive oppgåve i staden for å lese om slike ting. det kan fort bli fryktelig dyrt.
men eg lurer på kven kenneth er/var.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment